FØLG OS

Kontakt

+45 4275 3000

DGA
Kirkedalsvej 6
8732 Hovedgård

dga@greenkeeper.dk

Forskar på turfgras

26. maj 2025

Nøkkelinformasjon Forskarstilling på temaet gras til grøntanlegg. Spennande prosjekt relaterte til anlegg og vedlikehald av plen og sportsgras, golfbanar, parker og revegetering av areal. På grunn av ei stor oppdragsmengd innan jord-/plantefagleg forsking og rådgiving, søkjer vi ein ny forskar. Stillinga er fast. Arbeidsstad vil vere Landvik ved Grimstad.

Hovudoppgåvene til stillinga

Arbeidet vil i hovudsak vere gjennomføring av forskingsprosjekt der ein vekslar mellom praktisk arbeid ute i felt og kontorarbeid, idémyldring, faglege diskusjonar i turfgrasgruppa og sjølvstendig arbeid. Prosjekta fører til både vitskapslege og populærvitskapslege publikasjonar. Arbeidet vil også innebere konsulenttenester og oppfølging av kundar i Noreg og utlandet. Du vil få eit spesielt ansvar for å følgje opp FoU-marknaden for gras til golf- og andre sportsbanar i Norden, og du må vere i stand til å formidle forskingsresultat gjennom foredrag og artiklar i nordiske og engelskspråklege fagtidsskrift og nettsider.

 

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning innanfor plantefag/ jordfag eller tilsvarande relevant emne på doktor- eller mastergradsnivå.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Språkkunnskapar: Meistre godt norsk skriftleg og munnleg, eventuelt eit anna skandinavisk språk, i tillegg til engelsk skriftleg og munnleg.

Det er ein fordel om du har

  • Kunnskap om skjøtsel av gras: Artar/sortar, gjødsling, plantesjukdommar, etablering og vedlikehald.
  • Erfaring frå forskingsprosjekt på turfgras.
  • Kjennskap til den norske eller nordiske grøntanleggsbransjen, spesielt sportsgras.
  • Erfaring med akkvisisjon, leiing og gjennomføring av FoU-prosjekt.
  • Kunnskap om vitskapleg forsøksplanlegging og gjennomføring og behandling av forsøksdata.
  • Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Har initiativ og kreativitet
  • Arbeider effektivt, sjølvstendig og nøyaktig
  • Er ansvarsfull og målretta, god gjennomføringsevne
  • Er fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Liker utandørs feltarbeid

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å jobba med eit viktig samfunnsoppdrag med fokus på berekraft og framtidsretta prosjekt
  • Utfordrande, spennande og varierte oppgåver i tverrfaglege team
  • Ein fleksibel kvardag med moglegheit til å påverka eigne arbeidsoppgåver
  • Eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer
  • Ein raus personalpolitikk med velferdsordningar og fokus på dei tilsettes ulike livsfaser

Stillinga er plassert i det statlege lønsregulativ som forskar, stillingskode 1108/1109/1183, årsløn kr 565.000 – 935.000. Løna vert vurdert etter utdanning og erfaring.

Medlemskap i Statens Pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og tilbod om bustadlån til ei gunstig rente.

Les meir om NIBIO som arbeidsgjevar her: Jobb i NIBIO

 

Korleis søkja på stillinga

CV fyllast ut elektronisk og sendast via lenkje på denne sida, “søk stillinga”. I staden for  søknadsbrev ber vi deg svare på nokre spørsmål.

Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.

NIBIO gjennomfører bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar via samarbeidspartnaren vår Semac AS.

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

 

Andre opplysingar

Vi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja – uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Som statleg verksemd har vi moglegheit til å gi ein positiv særbehandling for søkjarar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Positiv særbehandling inneber mellom anna at du lettare vil komma til intervju.
Les meir om dette her.

Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verte gjorde offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan be unntak frå oppføring på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

 

Om NIBIO og avdelinga

NIBIO arbeider med landbruk, mat, klima og miljø. Vi leverer forsking, forvaltingsstøtte og kunnskap til bruk i nasjonal beredskap, forvalting, næringsliv og samfunnet elles.

NIBIO har hovudkontor i Ås i Viken, har om lag 750 tilsette, og er til stades i alle landsdelar. Landbruks- og matdepartementet er eigar av NIBIO.

Du finn informasjon om NIBIO sin stasjon Landvik her.

Avdeling Grøntanlegg og vegetasjonsøkologi utførar forsking, rådgjeving og overvaking innan emnar som; turfgras, grøne byar med multifunksjonell infrastruktur i park- og idrettsanlegg, grøne tak, design av jord- og vekstmediar, revegetering,  vegetasjonsovervaking, revegetering av forstyrra areal, biotoprestaurering, vegetasjonsøkologi, jordflytting / lausmassehandtering, konsekvensutgreingar av arealkrevjande utbyggingsprosjektar.

Spørsmål om stillinga

Håkon Borch
Forskningssjef / Avdelingsleder

+4797067685

 

Søknadsfrist: 11. juni 2025

Omfang: Heiltid

Arbeidsgivar: Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)

Varigheit: Fast

Kommune: Grimstad

Arbeidsstad: NIBIO Landvik, Reddalsveien 215, 4886 Grimstad

Del dette indlæg